Send e-post

Akkurat no:

Hytter frå 1000,-
Velkommen til Stardalen

Stardalen Hyttegrend ligg i den vakre Stardalen i Jølster kommune,
nær opp til Jostedalsbreen nasjonalpark, midtvegs mellom Bergen og Ålesund. Stardalen, som er den austre delen av Jølster, ligg idyllisk til med vakker og vill vestlandsnatur. Hyttegrenda ligg nokre km. vekk frå hovedtrafikkåre i rolege omgjevnader, fritt for støy frå industri og biltrafikk. Bilveg heilt fram til hyttene. Avstand til butikk og kafé ca 500m. Dei fleste innbyggjarane i Stardalen lever av jordbruk, basert på husdyr; kyr, sauer og geiter.

Fleire sidedalar, med blant anna bygningar frå tidlegare tiders støylsdrift, eignar seg for lette ski eller fotturar.
I tillegg er her store mulegheiter for andre turar, i fjell og på bre,alt etter din eigen interesse og fysiske form.

Fotogalleriet viser litt om kva naturen her har å by på. Aktivitetssida viser forskjellege ting det kan vera aktuelt å delta på.

Avstand til kommunesenteret Skei er 12 km. Her finn du: bank, minibank, postkontor, bensinstasjon, bilverkstad, politi og lege. Skei er eit trafikknutepunkt med gode komunikasjonsårer til andre deler av landet, og eit godt utgangspunkt for dagsturar. Her finn du og Audhild Vikens Vevstove. Ein av landets største forretningar når det gjeld husflidsprodukt.
Gjestebok

Skriv ei helsing eller fortel frå ditt opphald i Stardalen.

Du kan og laste opp bilder !


Les gjesteboka


Bilder frå Stardalen

Administrator